Skilpadder kan fly

Krigens råk.

Kommende forestillinger

  • Onsdag 11.12.2024 18:00 Kjøp
Se alle forestillinger

I Skilpadder kan fly er USA sin invasjon av Irak rett rundt hjørnet. Ved ein kurdisk flyktningeleir, nær den tyrkiske grensa, bur borna filmen handlar om. 

13 år gamle Soran er ein pussig skrue med kallenamnet «Satelitten». Han får dei andre ungane til å samla miner meint for vidare sal til lokale våpenforhandlarar, dette mens han sjølv installerer ei antenne for landsbyfolka. Soran forelskar seg i Agrin, men vert forstyrra av bror hennar Henkov, som er armlaus etter å ha gått på ei landmine. Henkov kan sjå inn i framtida og ser invasjonen som er på veg. Midt oppi alt dette er spedbarnet Agrin må ta seg av, men som ho ser vil verta vanskeleg å klara på eiga hand. Trass i dei triste forholda desse borna lever under, evnar dei likevel å framvisa humor og ikkje minst håp i all elendigheita.

Det er ikkje utan grunn at Skilpadder kan fly har vunne fleirfoldige prisar på ulike festivalar verda over. Filmen balanserar truverdig mellom oppdikta historie og verkelege hendingar på ein slik måte at historia uunngåeleg går inn på ein. 

Teknisk informasjon om filmen Skilpadder kan fly
Attributt Verdi
Spilletid 1t 38m (98 minutter)
Originaltittel Lakposhtha hâm parvaz mikonand
Produsert Iran/Frankrike/Irak 2004
Regi Bahman Ghobadi
Medvirkende

Soran Ebrahim, Avaz Latif, Saddam Hossein Feysal

Tale Kurdisk, arabisk og engelsk
Tekst Norsk
Aldersgrense 15 år
Visningsformat 35mm

Forestillinger

  • Onsdag 11.12.2024 18:00 Tancred Kjøp