Marcello Mastroianni, Anita Ekberg og Federico Fellini.

Intervista

Fellinis lille hyllest til Cinecittà.

Etter framsyninga av Intervista under Cannes-festivalen i 1987 varte den ståande applausen ein halv time. Truleg trengte publikum tida til å tenkje over kva dei hadde sett. Fellini kunne ikkje dy seg, og laga ein film om det å lage film med endå fleire lag enn 8 ½ . Likevel insisterte han på å gje filmen merkelappen «filmetto», liten film. Med det meiner han at Intervista er ein upretensiøs og intim hyllest til den gruppa filmskaparar han sjølv tilhøyrer, dei som bruker film som eit personleg og kunstnarisk uttrykk, og som er minimalistiske i effektbruk. Fellini såg med gru på det stadig aukande fokuset på teknologiske nyvinningar og spesialeffektar. Intervista handlar om filmmediets unike potensiale til gjennom lyseksponering av film å skape liv frå grunnen av. Ingen stad på jorda gav Fellini større glede og inspirasjon til å skape enn ved filmstudioa i Cinecittà. Filmen er ein gedigen hyllest til nettopp denne staden og menneska der.

Teknisk informasjon om filmen Intervista
Attributt Verdi
Spilletid 1t 45m (105 minutter)
Produsert Italia 1987
Regi Federico Fellini
Medvirkende

Federico Fellini, Sergio Rubini, Paola Liguori, Anita Ekberg, Marcello Mastroianni

Tale Italiensk
Tekst Norsk
Aldersgrense 9 år
Visningsformat 35mm
Bildeformat 1.37:1
1.37:1