To personer på en motorsykkel.

Det røde ekorn

Programendring – ekstravisning: Julio Medems sprudlende og uforutsigbare drama fra 1993.

Musikanten Jota blir ein dag vitne til at ei ung dame (den yndige raudtoppen Emma Suárez) køyrer utfor vegen med motorsykkelen sin. Ho overlever, men ho kan ikkje hugse noko som helst. Jota, som vart forstyrra i det han samla mot til å hoppe på sjøen og drukne, ser no lys i tunnelen, og forsikrar dama om at ho er kjærasten hans. Han gjev henne namnet Lisa, etter hans forrige kjærast. Jota håper så at dette kan bli starten på eit nydelig forhold, men snart dukkar ukjente skip opp i horisonten: «Lisa» viser teikn til å hugse fleire ting, og før Jota veit ordet av det, er han ute i ukjent farvatn; fortida til «Lisa» står snart og bankar på døra…

Denne originale opptakta til ein spelefilm hadde i seg sjølv vore ein god grunn til å sjå Det røde ekorn. I tillegg er den formmessig like eigenrådig og ukonvensjonell. Julio Medems andre langfilm er med andre ord ein deilig miks av romantikk, spenning og filmatisk nybrottsarbeid. Hopp av gårde til Cinemateket!.

Teknisk informasjon om filmen Det røde ekorn
Attributt Verdi
Spilletid 1t 53m (113 minutter)
Originaltittel La ardilla roja
Produsert Spania 1993
Regi Julio Medem
Medvirkende

Emma Suárez, Nancho Novo, Mariá Barranco, Karra Elejalde m.fl.

Tale Spansk
Tekst Norsk
Aldersgrense 15 år
Visningsformat 35mm

Forestillinger

  • Tirsdag 19.11.2024 18:30 Tancred